Fekk skjerpa straff

Ein mann i starten av 20-åra fekk skjerpa straff då saka hans kom opp i lagmannsretten. I Sunnmøre tingrett blei han dømd til eitt år og seks månaders fengsel for grov aktlaus valdtekt. Påtalemakta anka dommen til lagmannsretten som auka straffa til tre år og tre månadar. Mannen blei også dømd til å betale 175.000 kroner i erstatning til kvinna.