Hopp til innhold

Fekk pris for sjukehuskampen

Legane Ralph Herter og Martin Unger fekk fredag kveld tildelt Kristiansund kommunes heiderspris. Legane får prisen for engasjementet for Kristiansund sjukehus.

Per Kristian Øyen, Ralph Herter og Martin Unger

Ralph Herter (i midten) og Martin Unger (til høgre) fekk fredag kveld Årets Hederspris i Kristiansund. Ordførar Per Kristian Øyen (til venstre) delte ut prisen.

Foto: Petter Ingeberg

Dei to sjukehuslegane Ralph Herter og Martin Unger fekk fredag kveld Kristiansund kommunes heiderspris for engasjementet for Kristiansund sjukehus.

- Dette er ei ære. Det er hyggeleg å få ein slik pris, og vi er glade for at engasjementet vårt blir verdsett, seier Ralph Herter.

Ber om forsoning

Ralph Herter

Ralph Herter var ein av legane som fredag kveld fekk pris...

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Striden rundt Nye Molde sjukehus har skapt mykje vondt blod. Herter meiner det difor er viktig å sjå framover no.

- Det er viktig å ta imot ein slik pris i forsoningsånd. Det er ikkje snakk om feiring, som kan misforståast ein annan stad i fylket. No er tida inne for å gå vidare og finne saman, seier Herter.

For striden om kvar eit eventuelt felles sjukehus skal ligge har vore lang og hard.

Barnelege Martin Unger

...saman med Martin Unger.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også:

- Imponerande innsats

Sentralt i kampen for å behalde sjukehusmiljøet i Kristiansund har Ralph Herter og Martin Unger stått. I grunngjevinga frå kommunen heiter det at dei to får prisen for den imponerande innsatsen for sjukehuset i Kristiansund. Sjølve prisen er ein bronsestatue av "Klippfiskkjerringa", laga av Tore Bjørn Skjølsvik.

Les også:

Festkveld i Festiviteten

Per Kristian Øyen Martin Unger

Ordførar Per Kristian Øyen og Martin Unger feirar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Utnemninga skjedde i Festiviteten, under eit årleg prisarrangment. Dei siste ni åra har Kristiansund kommune arrangert ein festkveld for å heidre prisvinnarane blant innbyggjarane. I staden for å dele ut prisar gjennom året, samlar kommunen alle prisane, og deler dei ut denne eine vårkvelden.

- Eit lokalsamfunn treng menneske som gjer ein ekstra innsats og på denne kvelden vil kommunen heidre nokre av dei som har gjort ein særleg innsats, seier informasjonsleiar Petter Ingeberg.

Sirkus og ballett

Programmet inneheld mellom anna underhaldning med Kristiansund Storband, innslag frå Nøtteknekkeren ved Operaens Ballettsenter og Cirkus Zorba.

Prisdryss i Kristiansund

Men legane Herter og Unger var ikkje åleine om å få pris fredag kveld. Kristiansund kommune delte også ut desse prisane:

  • Årets servicebedrift: Raballer v/ Mette Damgaard Nielsen
  • Byggeskikkprisen: Knudtzonlunden
  • Ungdommens Pris: Scenario Musikkteater
  • Seniorprisen: Eldres Hus
  • Frivilligprisen: Gamle Kripos
  • NM-vinnere 2011: Isa Akmadov og Pia Ellingvåg (KAK)
  • Nordeas Kulturpris: Elin Persson
  • Kristiansundsprisen: Nordic Light
  • Årets Idrettsutøver: Synnøve Solemdal
Fekk pris frå Kristiansund kommune

Fekk pris frå Kristiansund kommune

Foto: Petter Ingeberg