Hopp til innhold

Fekk pålegg

Politiet har fredag skrive ut to skriftlege pålegg og gitt fleire munnlege åtvaringar til vindkraftdemonstrantar på Haramsøya. Mange har gjort forsøk på å stoppe anleggsbilar. Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim seier til NRK at dei først gir munnlege åtvaringar. Så kjem det skriftlege pålegg. Utbyggingsselskapet Zephyr seier at dei har full tillit til at politiet passar på. Ifølge politiet fekk også ein anleggssjåfør munnleg pålegg for å ha rusa bilen og køyrd mot demonstrantane. Ingen personar blei skadd, men føraren fekk ifølge politiet ein kraftig åtvaring. Saka er så langt ikkje meldt til politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL