Hopp til innhold

Fekk nyfødd hai i bossekk

Akvaristen gjorde store auge då han opna sekken med pigghåar.

Nyfødd pigghå på Atlanterhavsparken

NYFØDD: Besøkjande på Atlanterhavsparken får sjå ein flunkande ny pigghå.

Foto: Roar Strøm / NRK

Då han hadde tatt ut dei vaksne, låg der nemleg ein til.

- Den må ha vorte fødd etter at mora var tatt til fange, seier akvarist Rune Veiseth til NRK.

Rune Veiseth og Arne Tunheim

VED AKVARIET: Akvarist Rune Veiseth og Arne Tunheim, som fanga babyhaien.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fem store og ein liten

Det var VG som først fortalde om den vesle haibabyen som kom til verda i bossekken.

Fangstmann Arne Tunheim pleier å levere levande fisk til Atlanterhavsparken, og denne veka hadde han fem pigghåar i sekken.

- Eg oppdaga den vesle då eg hadde tatt ut dei store, seier Veiseth.

Artikkelen held fram under biletet.

Akvarium med nyfødd pigghå

HER BUR DEN: Babyhaien fekk flytte over frå den mørke bossekken.

Foto: Roar Strøm / NRK

Stress starta fødsel

Veiseth trur det kan ha vore stresset ved å verte fanga som sette igong fødselen.

- Men det er truleg berre eit par dagar til den ville ha fødd uansett, for den vesle krabaten er fullt utvikla, seier han.

Den nyfødde pigghåen er oppkalla etter fødestova, og har fått namnet Bosse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL