NRK Meny
Normal

Fekk ny veg til jul i Todalen

Då raset gjekk på Dalavegen i Todalen tidleg i desember, frykta ein at vegen kom til å bli stengt heile vinteren. Men kommunen og lokal næringsliv heiv seg rundt.

Ras har tatt vegen til Kårvåg

Eit jord- og steinskred tok vegen til Kårvåg i Surnadal tidleg i desember.

Foto: Roar Halten

Det var natt til 5. desember det første store jord- og steinskredet gjekk ved Kårvatn i Surnadal. Seinare gjekk det endå fleire ras og Surnadal kommune meinte at det kunne ta fleire månader før den øydelagde vegen kunne brukast igjen. Men torsdag ettermiddag vart vegen inn til Kårvatn opna att.

– Vi er svært glade. Det er ei fin julegåve til oss i kommunen og innbyggjarane innanfor raset, seier ordførar Gunn Nyheim (Ap). Ho skryt av kommunetilsette og privat næringsliv som har bidratt til vegreparasjonen.

Dalavegen i Todalen er reparert etter ras

Slik ser Dalavegen i Todalen ut etter reparasjonen.

Foto: Roar Halten / NRK

Varer på pulk

Den stengde vegen skapte store utfordringar for dei fem husstandane i bygda sidan verken posten, søppelbilen eller skulebussen kom fram. I den vesle bygda ligg også det som vert kalla landets mest bortgøymde sportsbutikk. Kårvatn Fjellutstyr sel fjellutstyr og jula er den mest hektiske perioden, der mykje varer skal fraktast ut til folk. Dei nekta å gi opp vareleveringa til trass for stengt veg og måtte ta pulken til hjelp.

LES OGSÅ:

Er glad for ny veg

Varer på pulk

Gudmund Kårvatn og Sondre Ormset hos Kårvatn Fjellutstyr AS måtte bruke pulk for å få ut varene.

Foto: Roar Halten

Gudmund Kårvatn i Kårvatn Fjellutstyr er glad for at det ikkje tok heile vinteren før vegen vart opna att.

– Det at hjula kan byrje å snurre igjen og kvardagen fungere som normalt, er ei stor lette for alt vi driv med på garden, seier Kårvatn.

Sjølv om vegen var stengt langt kortare enn frykta, merka Kårvatn at det tæra både på tolmodet og økonomien å drive sportsbutikk og agentur på ein tungvint måte.

– No er vi heldigvis i gang igjen, seier Kårstad. Han skryt av både kommunen og den lokale entreprenøren, som arbeidde så raskt.