Hopp til innhold

Fekk nei til å flagge på rådhuset under Bygdepride: – Merkeleg og skuffande

Bygdepride søkte Volda kommune om å flagge på rådhuset, men fekk avslag. – Ikkje nødvendig å tolke regelverket så strengt, meiner stortingspolitikar.

Bygdepride

SKUFFA: Anbjørn Steinholm Frislid er skuffa over at Volda kommune har avslått søknaden deira om å heise regnbogeflagget på rådhuset under Bygdepride i mai, men Frislid varslar at dei kjem til å sende ein ny søknad.

Foto: Ørsta/Volda Pride / NPK

I 2018 vart Bygdepride arrangert for første gong, med markeringar både i Volda og Ørsta på Sunnmøre.

Arrangementet vart rekna som ein braksuksess. Fleire mindre stader har no gått i fotspora deira og arrangerer Pride for første gong i år.

Men før Bygdepride blir arrangert for andre gong i mai i år møter arrangørane eit skjer i sjøen.

Trine Skei Grande og Jon Georg Dale i bygdepride 2018

Både kulturminister Trine Skei Grande (Venstre) og samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp), som sjølv er frå Volda kommune, deltok under Bygdepride i 2018.

Foto: Mats Hjelmeland

– Opp til kommunane

Bygdepride søkte Volda og Ørsta om å heise regnbogeflagget på rådhuset under arrangementet. Volda kommune har sagt nei.

– Reglane seier at det er opp til kvar enkelt kommune. Men vi er skuffa og synest dette er eit merkeleg vedtak, seier leiar i Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid.

I vedtaket, som først vart omtala i Møre-Nytt, blir det vist til at lovverket berre gir heimel for at norske og samiske flagg kan brukast på rådhuset.

Slik lovverket er tolka av kommunen skal flaggstenger ved rådhus og offentlige bygningar brukast ved offisielle flaggdagar med flagg som nemnd i lov 10 desember 1898 nr. 1 om Norges flagg §1. Kommunen kan med
dette ikkje godkjenne dykkar søknad. Ynskjer lykke til med eit viktig og bra arrangement.

Kjell Magne Rindal, eigedomssjef i Volda kommune, i svar til Bygdepride

– Tolka for snevert

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap), som sjølv er frå Ørsta, meiner lovverket blir tolka for strengt.

– Det er fullt mogleg å gjere unntak frå hovudregelen i lovverket slik at regnbogeflagget blir heisa også på rådhuset. I dette vedtaket er lovverket tolka for snevert, seier Bjørdal, som sjølv også er jurist.

– Til dømes kan kommunestyret vedta støtte til arrangementet eller konkludere med at Bygdepride famnar så breitt at det har allmenn interesse, meiner Bjørdal.

Fredric Holen Bjørdal

Stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, Fredric Holen Bjørdal.

Foto: Bernt Sønvisen

Ørsta kommune held seg inntil vidare på same linje som Volda.

– Vi må halde oss til lovverket om offentlege flaggdagar. Det har ingenting å gjere med mi eiga haldning til Bygdepride, som eg støttar opp om fullt ut, seier ordførar Stein Aam (Sp).

Han ser uansett ikkje vekk frå at Ørsta likevel tillèt regnbogeflagg på rådhuset når saka skal opp i kommunestyret 28. mars.

Framleis omstridd tema

Pride Ålesund

Fleire og fleire stader har det blitt heisa regnbogeflagg under Pride-arrangement dei siste åra. Her frå Ålesund i 2018.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Flagglova kan tolkast ulikt. Eg veit om fleire saker der ein først har fått avslag, men fått ja seinare, seier leiar i Fri Midt-Norge, Kristin Kulseth.

Ho viser til at fleire og fleire kommunar har vald å heise regnbogeflagget i høve Pride-arrangement.

Men framleis er slike markeringar betente mange stader. Til dømes valde Vennesla i fjor å heise regnbogeflagget, men det var på ei arrangementsstong ved Herredshuset og ikkje på rådhuset.

Jørgen Amdam

Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Foto: Arne Flatin / NRK

Faktisk vart regnbogeflagget heisa på Volda rådhus under Bygdepride i fjor, men då etter avtale mellom arrangørane og ordførar Jørgen Amdam (Ap). Og trass i at administrasjonen har sagt nei satsar Amdam på at dei skal få til ei løysing i år også.

– I avslaget Bygdepride har fått er det ein jurist som har gjort vurderinga. Dette skal vi ta ein ny runde på, varslar ordføraren.

Bygdepride i Volda 11. mai 2018

Mellom 1500 og 2000 møtte opp til Bygdepride i 2018.

Foto: Mats Hjelmeland

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL