Fekk motorstopp og gjekk på grunn
Eit skip skal ha grunnstøtt i Dalasundet i Kristiansund. Redningsskøyta er på veg for å hjelpe skipet. Det skal vere kuling med storm i kasta. – Dei har fått motorstans. Ti personar skal vere om bord. Vi har ikkje fått melding om at nokon er skada, seier Erik Willassen i Hovudredningssentralen.