Hopp til innhold

– Var fem centimeter unna døden

Då Jan Fredrik Øvrevoll var på veg heim til Valldal med to tenåringsgutar i bilen fredag ettermiddag, kom det plutseleg ei metallplate frå ein semitrailer flygande.

Vart treft av metallplate

Ein semitrailer miste ei metallplate, som trefte bilen til Jan Fredrik Øvrevoll.

Foto: privat

I Brusdalen i Ålesund møter Jan Fredrik Øvrevoll to semitrailerar. I eit brøkdel av eit sekund ser han at noko losnar frå den eine bilen og kjem flygande. Det er mørkt og går så fort at han klarer ikkje sjå kva som flyg i lufta. Det er ei metallplate som er på veg mot familiebilen. Den treff den fremste stolpen i karosseriet, a-stolpen, og lagar eit hol i frontruta.

– Hadde plata treft fem centimeter til høgre, hadde eg ikkje stått her meir. Det er eg sikker på, seier Øvrevoll kjensleladd. Det er litt tøft å tenkje på kor nær han var døden.

Jan Fredrik Øvrevoll

Jan Fredrik Øvrevoll er sikker på at han ikkje hadde vore meir, dersom plata hadde treft fem centimeter til høgre.

Foto: privat

Full av glasbrot

Dei to tenåringsgutane er også stillfarne. Dei skvatt då plata trefte bilen, men Øvrevoll seier at sjølv om han hadde høg puls, var stemninga roleg.

Etter at metallplata øydela frontruta, flaug den vidare ut i grøfta. Øvrevoll vart sitjande med kroppen full av små glasbrot, men kom elles uskadd frå ulukka.

I kveld har turen gått innom legevakta i Ålesund, der dei har forsikra seg om at sjåføren ikkje fekk glassplintar i auga.

Etterlyser sjåføren

Operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Trygve Ødegård, meiner også at bilføraren var heldig. Det var berre snakk om få centimeter før ulykka kunne ha vore fatal.

– Vi etterlyser sjåføren og ber vitne om å melde seg, seier Ødegård.

Laster Twitter-innhold