Hopp til innhold

– Det var heilt fantastisk då eg fekk meldinga om at systera mi lever

Josefa Karlsen (61) er ei av mange frå Filippinane som sit i Noreg og har venta på livsteikn frå slektningane.

Josefa Karlsen

Det har vore nokre nervepirrande og kjensleladde dagar for Josefa Karlsen. Ho har heldt seg oppdatert på situasjonen i heimlandet via pc-en.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I ei koseleg leilegheit i Brattvåg på Sunnmøre sit Josefa Karlsen framfor datamaskina. Ute er det regn og ruskevêr. Ho er pålogga Facebook heile tida for å høyre nytt frå heimlandet.

– Eg har gråte og gråte i fleire dagar, fortel Josefa.

Ringde systera

61-åringen kom til Noreg i 1997, då ho gifta seg med ein norsk mann. Ni år seinare vart ho enke og no bur ho åleine. Nettverket av andre filippinske kvinner som er busett i Noreg er stort. Ho veit at mange andre har hatt nokre grufulle dagar medan dei har venta på å høyre frå familien i Filippinane.

– Torsdag såg eg på nyhendene at det var venta eit forferdeleg uver heime, så då ringe eg systera mi. Sidan har eg ikkje prate med henne, seier Josefa.

Josefa Karlsen

Josefa Karlsen har mange slektningar heime på Bantayanøyane. Fremst til venstre sit systera Angelina. Biletet er teke då ho var på ferie der.

Foto: privat

Evakuert til skulen

Ho kjem frå Bantayan Island og har opplevd mange stormar gjennom livet. Ikkje få gongar har familien evakuert frå strandhuset under uver. Fleire gongar har huset vorte øydelagt under herjingane. Også denne gongen vart familien i heimlandet evakuert. Systera Angelina (64) flytta inn på den lokale skulen torsdag kveld.

– Det siste ho sa til meg var at vi måtte be om at det skulle gå bra, seier Josefa.

LES OGSÅ:

Eit mareritt

Josefa Karlsen

Josefa Karlsen kjenner seg heldig over at ingen i hennar familie har mist livet etter tyfonen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

61-åringen jobbar som assistent på den lokale sjukeheimen, men er sjukmeldt på grunn av ei vond skulder. Dagane heime har vore ekstremt lange. Fredag prøvde ho å ringe systera utan å få svar. Heller ikkje andre slektningar var å få tak i. Fortvilinga var stor og tårene mange. Men klokka 15 søndag fekk ho plutseleg ein sms frå nevøen.

– Vi er i god behald, men det har vore eit mareritt, skreiv han.

Josefa klarer ikkje sette ord på kor letta ho var over beskjeden. Nevøen fortalde også at husa er øydelagde, at straumen er borte og at dei ikkje har mat. Slik ho forstår det har han fått lada mobilen sin ved hjelp av eit aggregat. Det er ikkje råd å ringe fordi det er dårleg signal.

Føler seg heldig

– Eg har så lyst å høyre røysta til systera mi, men det går ikkje. Heldigvis har ho overlevd tyfonen, seier Josefa.

Sjølv er ho på Filippinane ein gong i året, og har eit hus like ved sjøen. Ho har fått melding om at huset står og at det er berre mindre skader.

– Eit hus betyr ingenting i verda. det kan byggast opp att. Eg er så heldig at min familie overlevde, seier Josefa.