NRK Meny
Normal

Fekk melding om oljeflak i fjorden

Ålesundsmann ringde 110-sentralen og varsla om det han trudde var eit oljeflak.

110-sentralen i Ålesund

110-sentralen på Volsdalsberga i Ålesund fekk melding om oljeflak i fjorden.

Foto: arkiv

– Ein mann i Olsvikskaret i Ålesund ringde og varsla oss. Det var 200 meter langt. Han trudde det var eit oljeflak han såg frå land, seier brannmeister Aage Henriksen ved 110-sentralen til NRK Møre og Romsdal.

– Går de til aksjon?

– Vi har funne ut at det er dieselsøl. Det er ikkje råd å gjere noko med det. Det får berre løyse seg opp, seier Henriksen til NRK.

– Veit de kvar dette dieselsølet kan kome frå?
– Nei, det veit vi ikkje.

110-sentralen har konkludert med at dette ikkje utgjer nokon risiko

– Vi meiner det er ubetydeleg forureiningsfare. Vi går ikkje til aksjon, seier Henriksen.