Hopp til innhold

Fekk ikkje vite om problema

Plattformsjefen fekk aldri vite at "Bourbon Dolphin" hadde drive ut av kurs og hadde problem.

Bourbon Dolphin
Foto: John Soanes / AP

Heller ikkje i samband med nestenulukka der "Bourbon Dolhin" var nær ved å kollidere med eit anna skip, vart plattformsjefen orientert.

Under tredje dag av høyringane som no føregår i Oslo forklarte plattformsjef Patrick O’Malley at han trudde alt gjekk som normalt før ulukka.

Det var O’Malley som hadde øvste kommandoen på plattforma Transocean Rather under ulukka.

Men under høyringa i dag forklarte han at han ikkje var klar over at det var vanskar med utsettinga av ankerkjettingen.

Stor avdrift

"Bourbon Dolphin" hadde stor avdrift før ulukka, og under tidlegare forklaringar har det kome fram at fartyet brukte full maskinkraft for å prøve å kome seg tilbake på kurs.

Ankerhandteringsfartyet skulle dra ut eit anker til eit bestemt punkt. Operasjonen vart styrt frå oljeriggen.

Under arbeidet med å setje ut ankeret skulle "Bourbon Dolphin" få hjelp av eit anna skip som heiter "Highland Valour".

Dette skipet skulle ta opp noko av tyngda frå ankerkjettingen. Under denne operasjonen var dei to skipa berre få meter frå å kollidere. Heller ikkje denne hendinga fekk plattformsjefen vite om.

Ville vurdert å avbryte

Politiadvokat Yngve Skovly i undersøkingsskommisjonen spurte under høyringa i dag om plattformsjefen burde fått informasjon frå sine underordna:

- Ja, det ville vore fint å bli informert, svarte O’Malley.

- Var det ei plikt å informere deg om dette? ville Skovly vite.

- Ja, eg skulle vore informert om dette, var svaret frå plattformsjefen.

Plattformsjefen fekk fleire spørsmål om dette temaet frå kommisjonen under høyringa i dag. Dei spurte også om det ikkje var hans oppgåve å halde seg orientert.

Sjølv meinte O’Malley at han hadde gjort det han skulle for å orientere seg.

På spørsmål om han ville vurdert å avbryte operasjonen om han visste at Bourbon Dolphin hadde stor avdrift, svarte han:

- Ja, det kunne vore noko ein ville ha diskutert.

O'Malley oppdaga sjølv at det var vanskar med utsettinga av kjettingen då han tilfeldig kikka ut av kontorvindauget. Då oppdaga han at Bourbon Dolphin hadde slagside.

Plattformsjefen gjekk då til romet som utsettinga av kjettingane vart styrt frå.

Nokre få minutt etter kantra Bourbon Dolphin.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL