Knut Ødegård kom eins ærend frå Island for å tale til den israelske statsministeren. Han ville fortelje om då Molde blei bomba i 1940, og kva Kongebjørka symboliserer for folk i Molde. Ødegård meinte dette kunne vere ei interessant ramme for å setje problematikken om krig, fred og okkupasjon i Midtausten inn i eit perspektiv.
Overrekte talen
Bondevik og Sharon kom aldri til Kongebjørka.
Eit 50-tals demonstrantar stod på utstida av sperringa og sang i håp om å kome i nærkontakt med Ariel Sharon. Lenge var det svært usikkert om Sharon likevel skulle ta turen til nasjonalsymbolet som Fredslunden og Kongebjørka er. Til slutt kom den endelege beskjeden om at besøket vart avlyst fordi tidsskjemaet sprakk. Men Sharon fekk talen overrekt før han gjekk om bord i flyet, og Israels statsminister lova å lese talen.