Møbelbedrifta Jarnes Møbler A/S i Sykkylven er skuffa over at dei ikkje fekk søke om pengar og hjelp frå Innovasjon Møbel.Bedrifta med fem tilsette har utvikla eit spesielt tryggleikssete for barn som no skal brukast i i nye bussar.
Gjer det sjølv
Dagleg leiar Jarle Grøvlen seier dei har har gjort alt sjølve. Eigarbedrifta i Trondheim har brukt 20 millionar kroner og Jarnes Møblar har brukt vel ein million kroner dei siste to åra på å utvikle Tiltbackstolen.
Jarle Grøvlen framfor Tiltbackstolen Foto:Leiv-Erik Bondevik