Hopp til innhold

Fekk igjen bilen før han visste at han var stolen

Før bilentusiasten Bård Aarseth (29) i Volda i det heile tatt visste at bilen hans var stolen, fekk han melding frå politiet tidleg søndag morgon om at han var funnen i Molde.

Honda Civic 1977-modell

Bård Aarseth er glad for å få tilbake den snart 40 år gamle bilen sin. Han seier han har brukt over 100 000 kroner på å setje han i stand. No håper han at bilen er uskadd.

Foto: privat

Bilentusiasten Bård Aarseth frå Volda på Sunnmøre er meir enn middels interessert i bilar, gjerne gamle bilar. Ein av dei, ein Honda Civic frå 1977 blei laurdag kveld stolen frå verkstaden der han sto. Allereie søndag morgon fekk Aarseth telefon frå politiet om at bilen var funnen i Molde, omlag 140 kilometer og to ferjestrekningar unna.

Det er veldig bra, politiet skal ha stor ære, seier Aarseth.

Bård Aarseth

Gamle bilar er ei stor interesse for Bård Aarseth i Volda. Søndag fekk han tilbake bilen utan at han ein gong visste at han var borte.

Foto: privat

Tobarnsfaren var ikkje klar over at bilen hadde forsvunne i løpet av natta, og svarte difor nei til politiet, då dei lurte på om han sakna bilen sin. Men då dei las opp registreringsnummeret, vakna han.

Tjuven gjekk rett forbi tre nye bilar

Hondaen er snart 40 år gamal, og var lagra på arbeidsplassen til Aarseth, som jobbar på delelageret hos eit bilfirma i Ørsta. Bilen sto parkert rett ved sida av tre flunkande nye Nissan.

– Det er litt rart at han tok min, der sto jo tre splitter nye, ulåste bilar ved sida av. Men han syns kanskje min var finast, ler Aarseth.

Har brukt store summar på restaurering

Honda Civic 1977-modell

Den gamle bilen har stor verdi for eigaren, som har brukt mykje tid og pengar på å få han strøken.

Foto: privat

Den lyseblå Honda Civicen er sjeldan vare i Noreg. Ifølgje Aarseth fins det berre omlag fem igjen av 1977-modellen, og han anslår at han ville fått rundt 100 000 kroner, om han ville selje. Det er heilt uaktuelt.

Eg har brukt meir enn 100 000 på å restaurere han. No er han nylakkert og heilt strøken.

Politiet kjende igjen sjåføren

Ein politipatrulje i Molde fekk søndag morgon auge på ein kjenning i Molde sentrum. Mannen som køyrde Hondaen har ifølgje politiet ikkje førarkort, og han blei difor stansa. Då oppdaga dei at bilen var stolen, og mannen skal ha vedgått at han tok han i Volda kvelden før.

No håper eg berre at bilen ikkje er skadd. Eg har lagt mykje arbeid i han, og han har difor stor verdi for meg, seier Aarseth.