Difor fekk Bjørn Ove hoppe over engelsken

Bjørn Ove Rogne (15) er så flink i engelsk at han får hoppe over 10. klasseundervisninga og ta faget på vidaregåande. Over 1500 ungdomsskuleelevar i landet gjer det same.

Bjørn Ove Rogne

Bjørn Ove Rogne startar skuledagen ein time før klassekameratane i 10. klasse for å vere med på engelskundervisning på vidaregåande.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Bjørn Ove Rogne

At det er berre nokre meter mellom skulane, gjer at Bjørn Ove Rogne kan gå i mellom for å få undervisning begge stader.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Klokka er åtte på morgonen og Bjørn Ove Rogne frå Brattvåg på Sunnmøre er morgonfrisk og på plass i klasserommet med laptopen. Dei andre 10. klassingane ligg mest truleg under dyna, sidan skulen ikkje byrjar før om ein time. Fordi Rogne er så flink i engelsk fylgjer han undervisninga på Haram vidaregåande skule med dei som er eitt år eldre.

– Eg kjeda meg slik i timane på ungdomsskulen og var uroleg. Eg følte at stoffet var alt for enkelt, seier Rogne.

LES OGSÅ:

Motivert for å lære

I dag er det Australia som står på timeplanen og når lærar Bente Hole spør elevane om kva som er dei mest kjende turistattraksjonane er Bjørn Ove raskt oppe med handa for å svare. Dette er andre året at engelsklærar Hole har ungdomsskuleelevar i klassa si og ho har berre lovord om hospiteringa.

– Elevane har vore veldig motiverte og engasjerte, seier Hole.

Ho har ikkje måtte ta seg spesielt av ungdomsskuleelevane. Fagleg er dei er fullt på høgde med dei andre i klassa, og når året er omme får dei avlegge eksamen saman med dei andre. Engelsklæraren meiner det er ein god måte å legge til rette for sterke elevar som treng større utfordringar.

Engelsktime

Lærar Bente Hole meiner at ungdomsskuleelevane held så høgt fagleg nivå, at ho ikkje treng å ta seg spesielt av dei.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ingen har krav på dette

Ordninga med at flinke elevar får ta fag på vidaregåande vart innført i 2008/2009. Dette skuleåret er det 1570 elevar frå ungdomstrinnet som tar fag frå vidaregåande.

Det er ingen som har krav på å få slik tilrettelegging, men det er eit tilbod dei enkelte skulane kan velge å gi. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier det er viktig å også hugse på dei flinke elevane. Han oppmodar kommune og fylkeskommune til å bruke dette handlingsrommet.

Heng godt med

Bjørn Ove Rogne føler han at heng godt med i timane og er glad for at han fekk tilbodet. Han meiner det ikkje går an å samanlikne med undervisninga på ungdomsskulen.

– Her brukar dei andre metodar som gjer at det vert morsomare å lære, seier Rogne. Han meiner han får brynt hovudet meir.

Kort avstand mellom skulane

Trond Herje

Rektor ved Brattvåg ungdomsskule, Trond Herje, er så nøgd med samarbeidet at fleire sterke elevar vil få tilbodet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ungdomsskulen og vidaregåande i Brattvåg ligg berre få meter frå kvarandre og det er nettopp den korte avstanden som gjer at det er praktisk mogleg for elevane å hospitere.

– Det heile starta i fjor med to elevar som var så flinke at engelsklæraren ikkje hadde meir å lære dei i klasserommet, fortel rektor Trond Herje ved Brattvåg ungdomsskule.

Rektor tok kontakt med den vidaregåande skulen for å få til eit samarbeid. Det har vore så vellukka at dersom andre sterke elevar peikar seg ut, vil dei kunne få eit tilbod anten i engelsk, matte eller norsk.

Fekk utvikle seg

Engelskelever

Ingri Warnes Seth og Kristiane Gabor var dei første frå Brattvåg ungdomsskule som fekk hospitere på vidaregåande.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det var venninnene Kristiane Garborg og Ingri Warnes Seth som skapte hovudbry for engelsklæraren sin i fjor. Dei fekk hospitere på vidaregåande på same måte som Bjørn Ove Rogne gjer i dag.

– Eg føler det var lærerikt og at eg fekk sjansen til å utvikle meg meir, seier Warnes Seth, som endeleg fekk utfordringane ho trengte.

Også Kristiane Gaborg er glad for at ho fekk sjansen. Begge dei to har i dag engelsk saman med klassa over.

– Eg er takksam for at vi fekk tilbodet og var så heldig at ungdomsskule- læraren såg at vi hadde potensiale til å greie det, seier Gabor.

Verdt å stå opp tidleg

Klokka 9.30 er Bjørn Ove Rogne ferdig med ein dobbel engelsktime og spaserer ned til ungdomsskulen der han høyrer heime. Sjølv om han har stått opp mykje tidlegare enn klassekameratane, synest han det er verdt det.

Om ei lita stund ventar mattetime saman med resten av klassa. I det faget er det uaktuelt å søkje større utfordringar.

– Eg slit med å halde ein firar for å seie det slik, ler Rogne.