Normal

Fekk høgspentstraum i seg under skogrydding

Ein mann i 20-åra er send til sjukehus med helikopter etter å ha fått høgspentstraum gjennom kroppen då han dreiv skogrydding ved Surnadalsøra. Faren sto og såg på.

Laster kart, vennligst vent...

Ein far og ein son var ifølgje politiet i gang med skogrydding, då ei stor bjørk fall over høgspentlinja like ved.

Sonen forsøkte då å fjerne bjørka frå linja, og har fått straum gjennom seg, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Sonen er i 20-åra og var ifølgje politiet vaken då han blei henta av ambulansehelikopter laurdag ettermiddag.

Det er førebels usikkert kor alvorlege skadar han har fått, men han er no frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Kollega varsla

Mannen skal ha vore ifølgje med ein annan då ulykka skjedde, og det var han som varsla AMK-sentralen om ulykka.

Både politi, ambulanse og brannvesen rykte då ut.

Utan straum

Under redningsaksjonen blei straumen til alle abonnentar i Surnadal kopla ut, men klokka 15.40 er straumen tilbake, opplyser politiet.