Hopp til innhold

Fekk hjelp tilbake til skulebenken

Vebjørn (19) var så skulelei at han ikkje orka å møte opp første skuledagen på vidaregåande. I staden blei han gåande å sose i fleire månader. Sist haust starta han endeleg på skulen, og er sikker på at han skal fullføre. Han er glad han fekk hjelp.

Vebjørn

Vebjørn har no fått hjelp og motivasjon til å ta vidaregåande.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Artikkelen er anomymisert i etterkant av publisering av omsyn til dei som er omtalt.

– Eg var frykteleg skulelei etter ungdomsskulen. Eg søkte på vidaregåande, og kom inn, men den dagen skulen skulle byrje, gjekk eg berre ikkje. Dermed blei eg gåande å slaske rundt eit par månader, seier 19-åringen.

– Ikkje motivert

Etter ei stund byrja han som matroslærling, men slutta etter kort tid. I staden blei det jobbing på tankanlegg. Plassen på vidaregåande orka ikkje han tanken på, verken året etter eller året etter det igjen.

Han meiner det handlar om at han ikkje var motivert for meir lesing.

– Det einaste praktiske vi fekk gjere på ungdomsskulen var eit par timar gym i veka. Det siste året var det også litt husstell, men det var det einaste. Eg trur det ville hjelpt på om skulen var meir praktisk retta, seier han.

Les òg:

Vil ha meir praktisk retta skule

Denne tanken deler han med fleire.

Utdanningsdirektøren hos Fylkesmannen, Alf Walgermo, er uroleg over det store fråfallet av elevar som byrjar på vidaregåande. No vil han gjere ungdomsskulen meir praktisk.

Utdanningsdirektør Alf Walgermo

- Viktig å gjere skulen meir praktisk retta, seier utdanningsdirektøren hos Fylkesmannen, Alf Walgermo.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Vi vil gjere noko med dette ved å innføre meir praktiske element og meir valfag frå hausten av, seier Walgermo.

Eit av tiltaka er å innføre eit nytt fag som skal heite "Arbeidslivfag". Her skal elevane få opplæring i praktiske ferdigheit og helse miljø og sikkerheit (HMS). Oppgåver kan vere alt frå å lodde og seriekople juletre, lage matmenyar, servere og planleggje leik for born.

Det er Vanylven, Fræna og Kristiansund som er med i første omgang.

Håpet er at faget skal motivere ungdommane og gi dei arbeidsglede og gode opplevingar av at dei kan meistre noko.

Les òg:

Vart følgd opp

Vebjørn fekk ikkje gå rundt i skodda åleine, då han droppa ut av vidaregåande. Etter kort tid kom den første telefonen om kva han gjorde og kva han ville.

Dei som ringde jobba for Oppfølgingstenesta (OT) i Møre og Romsdal. Alle fylke i landet har eit slikt tilbod, som skal sikre at ungdommar forsvinn ut i ingenting. Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at all ungdom som hører til målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetjing.

Les meir om Oppfølgingstenesta .

– Kjem til å fullføre

Sist haust var Vebjørn endeleg motivert nok til å kunne ta fatt på vidaregåande opplæring.

Før folka frå oppfølgingstenesta rakk å ringe han, var han sjølv på tråden, for å vere sikker på å få hjelp til å søkje rett studie og kome i gang. No studerer han Teknikk og Industriell Produksjon på første året på Borgund vidaregåande skule i Ålesund. Og han ser allereie for seg at han skal halde fram neste år.

– Ja, no er eg sikker på at eg kjem til å fullføre! Og det vil bli bra å ha eit fagbrev å vise til, smiler han.