Hopp til innhold

Fekk hjelp av isbilen

Ein sju år gammal gut i Kristiansund fann ikkje vegen heim i ettermiddag. Guten vart teken vare på av ein isbil-sjåfør inntil politiet fekk køyrt sjuåringen heim. Årsaka var at guten hadde nettopp flytta til ny adresse, og dermed var litt usikker på kor han skulle.