Normal

Sjekk den haifangsten!

Fiskaren håpte på god breiflabbfangst. Han blei ikkje spesielt glad då denne skapnaden dukka opp i garnet.

Fiskar med håbrann

Fiskaren var ikkje direkte glad for å finne denne haien i garnet.

Foto: Kjerstin Rebekka Sande

Fekk håbrann i garnet
Foto: Kjerstin Rebekka Sande

I nydeleg ver på ein stille fjord er Petter Krokvik frå Fiskå på Sunnmøre i gang med å hale breiflabbgarnet inn i den 35 fot store sjarken sin. Han håper på god fangst, men stussar litt når han ser kva som befinn seg i nota.

–Eg blei ikkje glad, for å seie det slik, seier Krokvik til NRK.

For opp mot overflata kjem det ein fisk som slett ikkje liknar ein breiflabb. Kjeften og finnane let det ikkje vere tvil om at fiskaren har fått ein hai i garnet. Vel på land viser vekta 150 kilo.

–Det vart mest haudebry. Eg kava med den i ein time, før eg fekk garnet inn i båten, seier Krokvik. Eg vart heit i toppen og tenkte at dette ikkje var noko å få pengar for.

Totalfreda hai

Håbrann

Håbrann er eit sjeldant, men ikkje heilt uvanleg syn langs norskekysten.

Foto: Kjerstin Rebekka Sande

Og fiskaren sin skepsis er godt begrunna. På land får han fastslått at haien er ein håbrann, ein fisk som er totalfreda i Noreg. Frå ca 1920 og fram til 70-talet blei det drive eit omfattande fiske etter håbrann. Då gjekk fisket nedover men stoppa ikkje heilt. I dag står haien på internasjonale lister over trua eller sårbare dyreartar.

I Noreg har det vore totaltforbod mot fiske etter håbrann sidan 2007. Det vil seie at det ikkje er lov verken å fiske etter den eller å ta den som bifangst.

I i følgje Fiskeridirektoratet er det likvel slik at fiskarar som får død eller døyande håbrann i garnet kan velje om dei vil kaste den ut igjen eller om dei vil ta den med til land.

Søskenbarnet til kvithaien

Jan Einarsen

Akvarist Jan Einarsen seier håbrann er eit uvanleg syn langs norskekysten.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

- Ein imponerande fisk, men ikkje farleg for folk, seier akvarist Jan Einarsen om håbrannen.

I følgje Einarsen er dette søskenbarnet til kvithaien. I alle fall tilhøyrer den same haifamilie som den meir frykta slektningen.

- Rett nok skal vel vere forsiktig i nærkontakt med desse, men det er ikkje slik at folk skal vere redde for å treffe på denne karen, seier han til NRK.

Var vanlegare før

Einarsen har god kjennskap til kva som rører seg i havet på Vestlandskysten, og seier håbrannen er ein sjeldan, men ikkje heilt uvanleg skapning langs norskekysten.

–Du kan finne den i tempererte og kalde farvatn over heile verda. Den bevegar seg i flokk, gjerne på jakt etter makrellstimar. Den er ein svært effektiv jeger, seier Einarsen.

Einaresen seier håbrannen på mange måtar er ein underleg skapning, som mellom anna føder levande ungar.

–Den får massevis av egg og berre nokre av dei blir befrukta. Så veks dei i buken og ungane et resten av egga. Og dei et søskena sine også, så det er ikkje så mange av desse som veks opp, seier Einarsen.

Ville hellar hatt breiflabb

I dag er håbrannen frykta av fiskarar som kan få øydelagt garna sine av dei store skapningane. For Petter Krokvik vart møtet med fisken ei blanda oppleving. Han har fått hai i garnet før, men det er mange år sidan no. Og noko i denne storleiken har han aldri vore borte i før.

Og trass i eit imponerande trofebilete på land, skulle han gjerne sett at det var andre ting som dukka opp i garnet.

–Eg ville nok heller hatt vekta i breiflabb, seier Krokvik.