NRK Meny
Normal

Fekk garasjen til naboen slengt i husveggen

Med ei brak vakna familien Nysæter 1. juledags morgon. Sterke kastevindar hadde skrella ein garasje av murane og kasta han over til naboen.

Skadar på hus i Sykkylven

Garasjetaket til naboen er stroppa fast mellombels, for å unngå at det flyg vidare i vinden og gjer meir skade.

Foto: Edvard Hole

Familien på tre var i ferd med å stå opp 1. juledags formiddag, då dei høyrde eit brak.

– Vi høyrde eit brak. Eg forstod umiddelbart at dette var meir enn berre takstein som reiste. No er eg mest oppgitt over naturkreftene, det er ikkje mykje ein styrer, seier Lars Even Nysæter, som bur i Sykkylven på Sunnmøre.

Han flytta inn i huset saman med kona og sonen, Marius, i 2007. Noko liknande har dei aldri opplevd.

Les også:

Store skadar

Lars Even Nysæter

Lars Even Nysæter har brukt store deler av dagen på å prøve å sikre at naboen sin garasje ikkje reiser vidare i den sterke vinden.

Foto: Edvard Hole

Nysæter sprang raskt ut i gangen, for å prøve å finne ut kva som hadde skjedd, og såg då at vindauget var dekt med framande takplater.

– Då forstod eg ganske raskt kva som hadde skjedd, seier Nysæter. Han seier det er gjort store skadar på huset hans, og også på ein bil som sto parkert utanfor.

Rosar lokale brannfolk

Huseigaren har 1. juledag arbeidd på spreng saman med det lokale brannkorpset og eit snikkarlag i Sykkylven for å få kontroll på skaden. Nysæter er oppgitt over forsikringsselskapet sitt, og meiner det er lite hjelp å få.

– Alt dei seier er at vi må sikre det sjølv. Heldigvis har det lokale brannkorpset vore her og hjelpt meg. Hadde ikkje dei kome, kunne det gått langt verre, seier Nysæter.

Stroppa fast

Garasjen frå naboen er stroppa fast til huset, for å unngå at det flyg vidare. Det var det første brannkorpset gjorde då dei kom til staden.

– Ære vere dei for den hjelpa dei har gitt. Brannvesenet kom raskt til og fekk festa garasjen, slik at det ikkje reiser vidare og gjer meir skade, seier Nysæter.

Taket frå sagbruket har delt seg i to

Vinden tok taket frå sagbruket og kasta det i bakken. No ligg det i to store delar.

Foto: Anne-Kari Aamodt
Tak skrella av sagbruk

Nokre kilometer unna, på Fauske i Sykkylven, flaug taket av eit sagbruk i formiddag. Bygningen og taket har stått i årevis, men måtte gje tapt for dei austlege vindkasta.

– Taket blei skrella av i formiddag, det har ramla ned og ligg no i to store deler mellom nokre tre. Vêret har vore for dårleg til at vi har kunne rydda opp, men eg trur det ligg trygt, seier Hildur Lillevik.

– Verre enn Dagmar

Familien har budd i huset på Sunnmøre i seks år, men aldri opplevd maken. Nysæter er glad for at han var heime, og ikkje bortreist på juleferie då dette skjedde.

– Vi har opplevd både Dagmar og anna, men dette må ha vore langt sterkare, seier Nysæter.

Også skulen i grenda Hundeivik, i Sykkylven, skal ha fått øydelagt deler av taket i den sterke vinden 1. juledag.