Fekk førarkortet beslaglagt

Ein bilførar blei stoppa for kontroll i Haram i natt. Personen er mistenkt for køyring i påverka tilstand og blei tatt med til prøvetaking. Bilføraren fekk også førarkortet beslaglagd og sak blir oppretta, skriv politiet på Twitter.