Fekk førarkortet beslaglagd

UP stoppa nyleg ein bilførar i Mauseidvåg i Sula. Han blei målt til 61 kilometer i timen i ei 50-sone. Føraren i 20-åra blir også meldt for å ha køyrd bil medan han var påverka av alkohol. Personen blir tatt med til blodprøvetaking og førarkortet blir beslaglagd.