Hopp til innhold

Fekk eitt minutt på å redde ut det viktigaste frå huset

Richard Oscarsson (34) frå Ulstein fekk under tvil gå inn og hente ut det viktigaste, då det begynte å brenne like ved huset til familien. Mykje tyder på at naudrakettar er årsaka til brannen.

Richard Oscarsson med familie

Ingebjørg og Richard Ringstad Oscarsson med borna Oliver (4) og Ida Elvira (1) er glade for at huset deira framleis står etter brannen i terrenget bak i natt.

Foto: Bente Anita Pilskog

Tobarnsfaren var i selskap saman med kona då han blei ringt opp frå naboar med beskjed om å kome seg heim. Då sto terrenget rett bak det nybygde huset deira i full fyr, og brannbilane når fram samstundes med ekteparet.

– Ein rekk å tenkje på kva som er det viktigaste å få med seg, og om huset kjem til å brenne ned, seier Oscarsson.

Harddisken som blei redda ut

Denne harddisken var alt familien fekk med seg ut, då dei frykta huset skulle gå tapt.

Foto: privat

Han, kona og dei to borna bur i huset nærast brannen, og ifølgje Oscarsson fekk han eitt minutt på seg til å hente ut det viktigaste frå huset.

Eg får med meg ein harddisk, der alle bilda våre ligg, seier han.

Såg naudrakettar slo ned

Marita Ulstein Stang

Marita Ulstein Stang seier ho såg to naudrakettar, den eine landa i lyngen like før det begynte å brenne i Ulstein ved midnatt.

Foto: privat

Marita Ulstein Stang (31) sto i nabohuset og såg på rakettane, då ho blei obs på to naudrakettar.

Den eine for opp i lufta, den andre flaug sidelangs og landa i lyngen, slik at det tok fyr, seier ho.

Også ho er sikker på at rakettane var årsaka til brannen som svidde av eit stort område.

Fleire andre naboar NRK har snakka med stadfestar det same.

Også fleire andre stader i fylket, blir det snakka om at naudrakettar kan ha ført til brannar i terrenget. Det har vore ei svært hektisk natt for 110-sentralen. På Valderøya i Giske måtte 21 personar evakuerast på grunn av brann. I Sula brann Sula Rutelag sitt bygg. I tillegg har det vore ei rekkje gras- og lyngbrannar i fylket.

Vurderer å gå til politiet

Brann i Ulstein

Brannen i lyngen i Ulstein skapte stor uro blant naboane.

Foto: Bente Anita Pilskog

Richard Oscarsson seier han og kona førebels ikkje har diskutert om dei skal gå til politiet med saka, etter at naudrakettar kan ha ført til brannen i lyngen bak huset deira i Ulstein. Han meiner folk bør tenkje seg om før dei sender opp naudrakettar. Med ei anna vindretning kunne brannen fått fatale konsekvensar for husa rundt.

Det må bli slutt på det, seier han.