Hopp til innhold

Dette gjekk du glipp av då du sov

Folk vakna opp til ein raud himmel i Møre og Romsdal 4. juledag. Men veit du kvifor det blir slik?

Måndag morgon frå Vigra
Foto: Jonny Meringdal

At raud er julefarge nummer 1 veit alle. Måndag morgon var også himmelen over Møre og Romsdal kledd i raudt og rosa, og fleire har sendt oss bilde av den vakre morgonutsikta si 4. juldag.

Eg syns det var så fint, eg måtte berre ta bilde, seier Eva Helsem Leine (66). I det ho sto opp og kom ned i stova, blei ho klar over dei fine fargane på himmelen over Leinøya i Herøy.

  • Har du tatt bilde av morgonhimmelen? Send oss gjerne fleire foto på mr@nrk.no eller bruk emneknaggen #mogr på Instagram.

Skifta frå gult til lilla på kort tid

Også Else Brevik (46) på Husøya i Frei oppdaga det nydlege veret måndag morgon.

Det var heilt fantastisk, eg måtte berre ut og gå morgontur, seier ho, og legg til at lyset i Kristiansund og Frei er heilt spesielt.

Det skifta frå gult, til oransje og over i rosalilla i løpet av ein halvtime, seier ho.

Heller ikkje ho kan gje ei god forklaring på kvifor det er slike fargar på himmelen.

Svaret har meteorologane

Statsmeteorolog Haldis Berge

Vakthavande meteorolog Haldis Berge seier at det truleg er for mykje skyer i ettermiddag til at det også blir ein fargerik solnedgang.

Foto: Marit Hommedal

Men det kan meteorologane.

Eg såg det sjølv her i Bergen at det var ein veldig fin soloppgang, seier vakthavande meteorolog Haldis Berge.

Ho har måndag formiddag fått meldingar frå fleire stader på Vestlandet om at det har vore ein usedvanleg fin soloppgang.

Dette har med partiklane i skyene å gjere, dei blir brotne av dei raude strålane frå sola, forklarar ho.

- Lys er jo bølgjer og når desse bølgjene blir brotne, blir det ei spreiing av fargar, sa statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl til NRK tidlegare i år.

Han forklarar vidare at dei finaste fargane gjerne viser seg tidleg eller seint på dagen.

Les også:

– Gir ro i sjela

Else Brevik har fri 4. juledag. Ho seier det gir ein heilt spesiell start på dagen og rusle i fjøra på Husøya, med ein slik himmel over seg.

Dette blir litt djupt, men det gir ro i sjela, seier ho.