Hopp til innhold

Frikjent for mobilbruk i bil

Ein kar fekk 12.000 kroner i bot for mobilbruk i bil, men brillene hans fekk han frikjent.

Mobilbruk i bil.

FRIKJENT: Mannen slapp unna ei dyr bot. Illustrasjonsfoto.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

Politiet hevda å ha sett mannen i femtiåra med ein mobil i handa – og gav han 12.000 kroner i bot.

Mannen nekta, og sa han berre hadde flytta telefonen.

Med eit skriv frå ein optikar blei han trudd i retten.

– Flytta mobilen

Mannen var på veg mellom Volda og Ørsta då han blei stoppa av politiet. Han hevda å ha sjekka telefonen før avreise, og lagt den i passasjersetet.

Volda sentrum

Mannen blei stoppa i Volda.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Langs vegen såg han politifolk, og rett etter skal han ha sett telefonen lyse i passasjersetet.

I retten forklarte mannen at han var usikker på om det var greitt at mobilen låg og lyste. Han skal så ha flytta den til under dashbordet.

Like etter blei han stoppa av politiet og gitt førelegg for mobilbruk, men nekta å betale.

Progressive briller

I retten la mannen fram eit skriv frå ein optikar der det sto at tiltalte burde bruke progressive briller for å kunne «sjå klart på både nært og på avstand.»

– Med ein vanleg avstandsbrille som mannen har per i dag vil han ikkje kunne sjå klart på nært hald utan å ta av seg brillene, stod det i skrivet.

Ifølge dommen meinte mannen at dette understreka at han ikkje brukte mobiltelefonen under køyring, ettersom han ikkje kan sjå vegen utan brillene og at han ikkje ser kva som står på mobiltelefonen med brillene.

Les også No aukar bøtesatsane i trafikken igjen – fleire er kritiske

Mobilbruk i bil

Politimannen som vitna forklarte på si side at han var sikker på at tiltalte hadde brukt tommelen på mobilen, og at han såg på den i rundt to-tre sekund.

Politimannen meinte å kunne utelukke at den tiltalte berre flytta telefonen frå passasjersetet. Han sat ti-fem meter unna vegen, og hadde godt innsyn i bilane som passerte.

Politimannen forklarte at han ikkje kunne sjå kva som blir gjort på telefonane, eller om det verkeleg er ein telefon som lyser inni bilen.

Briller som smittevern

Brillene blei redninga.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen

Tvilen

Retten konkluderte at rimeleg og fornuftig tvil at den må komme tiltalte til gode.

Retten viste til at politiet observerte den påståtte mobilbruken i berre få sekund, og at han ikkje kunne sjå at det var aktivitet på telefonen.

Mannen blei difor frifunnen og slepp å betale bota.

Les også Kraftig nedgang i mobilbøter: – Det er et problem selv om tallene går ned

mobil i bil, en person som holder mobilen mens han sitter i en bil