NRK Meny

Fekk besøk av ørn på hytta

Det er kjekt med gjester på hytta. Og nokre gjester er meir eksotiske enn andre.

Kai Roger Bjørdal i Volda fekk besøk av ørn på hytta si.

Sjå video av ørneungen som kom på besøk på hyttetunet på Berkneset i Volda.

Artikkelen er flere år gammel.

Dei gjorde store auge, hyttegjestene på Berkneset, då denne gjesten kom flygande inn på tunet.

Vi såg han kome gjennom lufta, og der kom han rett ned, berre nokre få meter frå oss, seier Kai Roger Bjørdal til NRK.

Han har hytte på Berkneset i Volda. Dei skjønte fort at dei hadde fått besøk av ørn. Og dei trudde at den store fuglen var skada.

Ja, då han breidde ut dei store vengjene trudde vi at han var skada, og tenkte at vi måtte melde frå om det, seier han.

Også politiet fekk med seg melding om at den store fuglen hadde kome heilt inn på hyttetunet på Berkneset. Dei tok kontakt med ornitolog Alv-Ottar Folkestad, med tanke på at ørna kunne vere skada.

Nei, dette er nok ei ørn frå årets kull, seier Folkestad til NRK. Eg har sjølv ringmerkte henne, og veit kva reir ho kjem frå. Denne fuglen blei ringmerkte sist helg. Det er gjerne slik at dei har litt vanskar med flyginga like etter at dei har forlate reiret, seier han. Særleg når det er heilt vindstille, legg han til.

Også politiet har merka seg denne forklaringa frå ornitologen.

På denne årstida held ørnebarna på å lære seg å flyge. Då kan dei av og til hoppe rundt og flakse med vengjene. Av og til sit dei berre stille på bakken og kan sjå noko forkomne ut, heiter det i politiloggen frå Sunnmøre politidistrikt søndag kveld.

Og Bjørdal, som fekk besøk av ørneungen har slått seg til ro med forklaringa frå ornitologen.

Ørna var heilt inne på terrassen hos oss, og berre nokre få meter frå oss. Ho hoppa rundt, og sette seg på eit rotvelt. Der sat ho i fleire minutt.

Korleis var det, blei ungane skremde av den store fuglen?

– Nei, dei også syntest dette var berre stas. Og så har vi fått forklart at ørneungen nok berre sat og sende ut lydar til dei vaksne ørnene. Slik finn dei nok ut av det, seier han og legg til at ørna fauk av garde etter kvart. Alt står truleg bra til med ørna no.

Siste video/lyd

Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.
Eit heilt spesielt forskingsprosjekt er i gang ved Runde i Herøy. Aldri før er det gjort ei så stor undersøkning med bruk av ny teknologi langs kysten for å kartlegge øko-miljøet. Målet er mellom anna å finne ut kvifor bestanden av toppskarv og lundefugl går så kraftig ned.