NRK Meny
Normal

Fekk besøk av gaupefamilie på hytta

Ein hytteeigar i Tingvoll fekk ei uventa overrasking då han sjekka bilda på overvakingskameraet sitt. Ein liten hårete familie var på spasertur over gardsplassen. Talet på gauper er aukande.


Han skulle filme innbruddstjuvar, men fekk istaden ein Gaupefamilie på film. Stadig fleire observasjonar.

Her er gaupefamilien på tur. Først kom mor og deretter kom tre gaupeungar.

Han sette opp overvakingskamera for å avsløre innbrotstjuvar, kunne tk.no fortelle i dag. Men til no er ingen innbrotstjuvar fanga av dei årvakne kameralinsene. Men på hytta har Åge Ludvigsen hatt nærkontakt med ein heil gaupefamilie.

– Det hadde vore innbrot i hyttefeltet. Dermed investerte eg i eit overvakingskamera, fortel Åge Ludvigsen.

Hytta ligg i Tingvoll. Men Ludvigsen bur i Kristiansund. Med overvakingskameraet på plass kan Ludvisen site i godstolen heime i nordmørsbyen og følgje med på kva som skjer på hytta.

– Her kjem dei, seier Ludvigsen og peikar mot dataskjermen.

Og der, i biletet over gardsplassen på hytta, kjem dei tre kattedyra, truleg ei mor og tre ungar. Mor kjem først inn i biletet og ungane kjem etter. Dette er bilete som også vekkjer interesse hos viltforvaltninga. For det blir stadig meir gaupe i området.

– Vi har fått stadig fleire gaupeobservasjonar dei siste tre åra. Det er svært interessant når vi klarer å fange dei på film, seier viltforvaltar Lars Erling Koksvik.

Gaupene som Åge Ludvigsen fanga på overvakingskamera gjekk i eit område der det oppheld seg mykje folk og på sommarstid er det også mykje hysdyr. Denne kombinasjonen er ikkje heilt ideell ifølgje viltforvaltaren.

– Nei, dette er ikkje ideelt for småfehaldet. Her kan det fort gå med litt sau. Gaupa gjer også eit stort innhogg i hjortestammen, seier Koksvik.

Åge Ludvigsen var slett ikkje klar over at det var gaupe så nært inn på eigedomen hans. Og han fekk seg ei lita overrasking då han såg at det ikkje var tjuvar som var på ferde.

– Eg trudde først at det var ein katt som kom. Men då eg såg kroppsbygnaden skjønte eg at dette måtte vere gaupe, seier hytteeigaren.