Hopp til innhold

Feiringa i Molde til heile landet

Møre og Romsdal får vise seg frå si aller flottaste side når NRK no sender direkte frå feiringa i Molde 17. mai. Og på nasjonaldagen har NRK kontaktar i mange, mange bygder.

Ann Eli Nøsen 17. mai-sending

Reporter Ann Eli Nøsen kjem til å vise fram feiringa i Molde i mange innslag, både på riksdekkjande radio og TV på nasjonaldagen.

Foto: Roar Strøm / NRK

På 17.mai får Møre og Romsdal eit vêr som store deler av Noreg kan misunne oss.

  • Sjå vervarselet her: Yr.no

Også du kan hjelpe til med å få vist fram bygda di, byen din eller gata di på nasjonaldagen. Og du kan gjere det på akkurat den måten som passar deg best.

  • Send gjerne bilete til NRK Møre og Romsdal på mr@nrk.no
  • Du kan merke Instagrambileta dine med #nrkmogr
  • Og du kan merke Instagrambileta med #nrk17mai

Bileta som du sender på e-post blir brukte i bildegalleri på nettsidene til NRK Møre og Romsdal. Instagrambilete som du merkar med #nrkmogr kan du sjå i det store Instagram-galleriet til NRK Møre og Romsdal. Og merkar du bileta dine med #nrk17mai hamnar dei i det store, riksdekkjande 17. mai-kartet til NRK. Hugs berre å aktiver «stedstjenester» på mobilen din.

Leikarringen kommer ut fra et gammelt trehus med spelledama først, barna danser mellom gamle trehus på Romsdalsmuseet,litt i ring, så to og to og ulike formasjoner,

På 1.mai skal leikarringen i Molde danse på direktesendt fjernsyn.

17. mai på TV, radio og nett

17. mai-feiringa landet rundt starta på TV/Nett-TV klokka 07.50. Her kan du ta del i feiringa over heile landet. Og i år er det Molde som representerer Møre og Romsdal.

Ann Eli Nøsen

Ann Eli Nøsen losar oss gjennom feiringa i Molde. Rosenes by viser seg fram på sitt vakraste på nasjonaldagen.

– Det blir mange barn med i sendinga, leikarringen skal danse på nasjonalt fjernsyn og vi møter ei jente som verkeleg har teke på seg ei stor oppgåve, fortel Ann Eli Nøsen litt løyndomsfullt.

Leikarringen og Ann Eli Nøsen -- 17.mai-sending

Desse får du sjå meir til på 17. mai.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Alt går direkte

I planane ligg fleire punkt der Molde er med i sendinga. Men det aller meste, frå mange stader i Noreg går direkte, og sendinga blir i stor grad skapt undervegs.

– Her er det berre å følgje med, enten når sendinga går direkte, når det går i reprise, eller ved å gå inn på nettet, seier Nøsen.

Nøsen rapporterer også direkte på radio alt tidleg om morgonen. Radiosendinga starta alt klokka 06.03 i dag..

NRK Møre og Romsdal har også alliert seg med ei rekkje lokalkontaktar rundt om i fylket. Vi ser slett ikkje vekk frå at vi får bilete og kanskje rapportar frå både Geiranger, Rauma, Eikesdalen, Surnadal, Bud og Fræna og Rindal.