NRK Meny
Normal

Internasjonal feiring av 10 år som verdsarv

I sommar var det 10 år sidan dei norske fjordlandskapa, med områda kring Geiranger og Nærøyfjorden fekk verdsarv-status. No kjem internasjonale gjester til Geiranger for å delta i feiringa.

Geiranger

Geirangerfjorden blei verdsarvområde i juli 2005. No planlegg dei samarbeid med verdsarvområde i Alaska.

Foto: Løvland, Marianne / NTB scanpix

14. juli 2005 er ein merkedag for Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Den dagen, for litt over ti år sidan, blei områda innskrivne på UNESCO si verdsarvliste.

Når dei 10 åra som verdsarv skal markerast får Geiranger besøk både frå verdsarvsenteret i Paris og frå verdsaravområdet Glacier Bay i Alaska. Og besøket frå Alaska er slett ikkje tilfeldig. For her kan det gå mot eit samarbeid.

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad er leiar for Verdsarvområdet for vestnorske fjordlandskap.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg trur vi i Vestnorsk fjordlandskap kan lære mykje av erfaringane og arbeidet dei har gjort i Alaska. Dette er ei historisk hending, det er første gong sidan inskripsjonen av Vestnorsk fjordlandskap, at eit fjordsamarbeid for alvor kjem på agendaen, seier leiar av Verdsarvområdet for vestnorsk fjordlandskap, Jan Ove Tryggestad.

Tysdag 18. august inviterer Verdsarvstiftinga sine utanlandske gjestar med på ei 10 års jubileumsmarkering for Vestnorsk fjordlandskap i Geiranger. I det omfattande programmet blir det både tradisjonsmusikk med lur, fele og messinginstrument, og det blir avduking av verdsarvplakett ved den nye fossevandringa.

Under markeringa blir det også drøftingar, erfaringsutvekslingar og seminar med forskingsmiljø og dei som forvaltar verdsarvstatusen. Og i Geiranger er dei aller mest spente på erfaringane frå Glacier Bay i Alaska.

– Eg håper at samlinga kan vere starten på eit langsiktig samarbeid der verdsarvområda Glacier Bay og Vestnorsk Fjordlandskap. kan vinne ny og viktig kunnskap om verdsarvverdiane gjennom forsking, erfaringsutveksling, seier Jan Ove Tryggestad.