NRK Meny

Feira to ferjer

Frå i dag av er det to ferjer på det svært trafikkerte ferjesambandet mellom Sølsnes i Molde og Åfarnes i Rauma. Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma, er glad for at det no blir to ferjer på sambandet. – Dette er ein viktig dag, endeleg har vi fått to ferjer. Det er veldig viktig for dei som pendlar her kvar dag og ikkje minst for næringslivet, seier han. På bilete ser ein Hustad saman med samferdselssjef Arild Fuglseth om bord i bilferja Stryn. Den er ei av ferjene som skal gå på sambandet.

Raumaordfører Lars Olav Hustad og samferdselssjef Arild Fuglseth ombord i bilferja Stryn
Foto: Gunnar Sandvik / NRK