Hopp til innhold

Feil under dekkskift gjer at bilistar mistar hjula i fart

For fjerde gong på kort tid har ein bilist mist hjulet i fart i Møre og Romsdal. NAF meiner dette skjer altfor ofte i heile landet.

Jan Ivar Engebretsen, NAF

Jan Ivar Engebertsen i NAF seier at det er viktig å fylgje instruksjonsboka når ein skal skifte dekk.

Foto: NAF

Laurdag ettermiddag rykte politiet ut til ein bilist som mista eine hjulet under køyring på Valderøy i Giske.

– I dette tilfellet var det ingen dramatikk, seier operasjonsleiar John Bratland ved Sunnmøre politidistrikt. Det same har skjedd i Eiksundtunnelen, i Tussentunnelen og i Kristiansund i løpet av den siste månaden.

Store materielle skader

NAF opplever at dette skjer år etter år når folk legg om hjula i begge sesongane.

– Heldigvis har vi ikkje opplevd personskadar når hjulet dett av, så folk har nok fått ei åtvaring i forkant og senka farta, seier Jan Ivar Engebretsen. Han er kommunikasjonsrådgivar i NAF. Sjølv om folk ikkje har blitt skadde, kan ein slik episode gjere store øydeleggingar både på bremseskivene og støytfangarar og bli kostbart.

Dei siste åra har NAF assistert rundt 260 bilførarar som har mista hjulet under køyring. I tillegg kjem dei som oppdagar det før hjulet losnar og stoppar. Til saman er det rundt 450 tilfelle. NAF hevdar at profesjonelle dekkskiftarar står for halvparten av feila.

– Vi meiner det er altfor mange som opplever å miste hjulet i fart, seier Engebretsen.

LES OGSÅ:

Skrur for dårleg på

Den typiske feilen mange gjer er hjulboltane er skrudd for dårleg eller dei er skrudd skeivt på. Like ille kan det gå dersom boltane blir skrudd for hardt på.

– Kjem det ein dump i vegen, klipper du hjulboltane tvert av, seier kommunikasjonsrådgivaren. Han rår dei som har skifta hjul til å køyre 20–30 kilometer for å kjenne etter at hjulboltar og mutrar sitt slik dei skal. Å ettertrekke bør ein ikkje gjere, fordi det kan bli for stramt.

For dei som ikkje skiftar dekk sjølv, men overlèt det til profesjonelle, meiner Engebretsen at ein bør få spesifisert kva moment hjulbolten er blitt tiltrukke med.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL