NRK Meny

Feil med fiberen til Tafjord

Ein feil på fiberen til Tafjord gjer at kundar fleire stader på Sunnmøre er utan nett søndag kveld. Feilen blei meldt like etter klokka 19, og teknisk personell er i gang med feilsøk. Feilen råkar abonnentar i Giske kommune, på Flisnes, Hessa, Skarbøvik og Lerstad og Stokke i Ålesund, samt kundar i Hundeidvika i Sykkylven.