Hopp til innhold

Feil førte til forlis

Feil på båten som gjorde at han tok inn for mykje vatn var årsaka til at arbeidsbåten Frøy Viking forliste i Edøyfjorden i august i fjor. Det slår Statens Havarikommisjon for Transport fast i ein rapport. To personar måtte hoppe i havet då arbeidsbåten forliste. I ettertid er det kome nye krav til liknande båtar, og kommisjonen ber Sjøfartsdirektoratet og næringa om å innføre krava også for eldre båtar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL