Hopp til innhold

Smittevernreglar gjorde at Magnus nesten gjekk glipp av fødselen

Jordmødrer frå raude land går inn på fødestua utan karantene, medan fedrar må vente ute i det lengste. Magnus Raudøy Gregersen rakk berre få minutt av fødselen.

Magnus Raudøy Gregersen med nyfødt baby

Magnus Raudøy Gregersen blei pappa til ein gut denne veka. Han rakk så vidt fødselen.

Foto: privat

Ikkje i sin villaste fantasi kunne Magnus (34) og Karoline (29) Raudøy Gregersen førestilt seg korleis det skulle bli å få sitt andre barn.

At ho skulle ligge åleine med rier på sjukehuset og han skulle køyre rundt i bil.

– Det var ekkelt å ikkje vite korleis ho hadde det. Eg hadde berre lyst inn, seier Magnus Raudøy Gregersen.

Helse Møre og Romsdal har bestemt at far ikkje får kome inn før den aktive delen av fødselen er i gang. Slik er det ved mange andre sjukehus i landet også.

Magnus Gregersen

Magnus Raudøy Gregersen er kritisk til at far ikkje får vere med på heile fødselen, samstundes som sjukehuset har utanlandsk helsepersonell som slepp karantene.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Styrtfødsel

Fødselen blei sett i gang måndag og koronareglane gjorde at barnefaren ikkje fekk kome inn frå starten. Paret bur ein times køyretur frå fødeavdelinga i Molde og Magnus la seg inn på hotell for å vere i nærleiken. Tysdag formiddag hadde framleis ingenting skjedd og Magnus køyrde rundt i byen for å slå i hel tida.

Klokka 12.35 kom endeleg telefonen om at fødselen var aktivt i gang. Då stod barnefaren utanfor kjøpesenteret. Han hasta til sjukehuset, betalte for parkeringsplass og fann vegen til fødeavdelinga.

– Det gjekk fire-fem minutt, så var babyen ute. Det var på håret at eg nådde det, seier Magnus. Karoline hadde det som blir kalla styrtfødsel. Frå fødselen var i aktiv fase til babyen kom, gjekk det svært kort tid. Babyen vart fødd 24 minutt etter at sjukehuset ringde til Magnus.

Karoline Raudøy Gregersen saman med den nyfødde babyen

Karoline Raudøy Gregersen opplevde styrtfødsel. Frå fødselen sette aktivt i gang gjekk det berre kort tid før babyen var ute.

Foto: privat

Forstår ikkje koronareglane

Paret slit med å forstå logikken bak smittevernreglane. Samstundes som fedrar ikkje får vere med på heile fødselen, kan utanlandske jordmødrer og gynekologar frå raude land gå rett i jobb i Helse Møre og Romsdal utan å sitte i karantene.

– Det er jo tvilsamt når det er så strengt for fedrar. Jordmødrene er jo tett på gravide og babyen, seier Karoline.

  • Les også:

Tre timar i bil

Også Kenneth Ove Sunde og Linn Haugsbø frå Ålesund er kritiske til reglane for fedrar. Dei blei nyleg foreldre til ei lita jente. Paret bur berre 15 minutt unna sjukehuset, men Kenneth turte ikkje dra heim då fødselen var i gang. Han venta difor i bilen i tre timar før han fekk kome inn på sjukehuset, medan Linn fekk det tøffare og tøffare.

– Eg har jo vore med på svangerskapet sidan første dag. Og då den store dagen kom fekk eg berre vere med på slutten, seier Kenneth.

Kenneth O. Sunde og Linn Haugsbø

Kenneth Ove Sunde og Linn Haugsbø frå Ålesund fekk nyleg ei dotter. Far venta i bilen i tre timar før han fekk kome inn på sjukehuset.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Manglar toalett

Ifylgje Helse Møre og Romsdal er det trongt på dei små sjukehusa og fødestuene og barselromma er utan eigne bad. Hos mange kvinner kan det gå eit heilt døgn før fødselen kjem i gang. Dermed er det risiko for at far treff andre pasientar. Avdelingsleiar, Øyvind Nytun, forstår at gravide og fedrar er kritisk til smittevernreglane.

– Eg forstår det absolutt og synest det er svært vanskeleg. Men med den aukande smitten vi ser i Noreg, føler eg vi har landa på eit bra kompromiss seier Nytun.

Korleis er far meir smittefarleg enn helsepersonell frå raude land?

– Vi er heilt avhengige av vikarar for å halde ope. Det er innført svært strenge tiltak før dei får lov å komme inn i avdelinga. Eg føler meg heilt trygg på at desse kontrollane vi gjer er sikre, seier Nytun.

Gynekolog og mellombels avdelingsleiar for fødeavdelinga i Nordmøre og Romsdal, Øyvind Eiksund Nytun

Øyvind Nytun er avdelingsleiar for fødselshjelp og kvinnesjukdomar i Nordmøre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Måtte ha pustehjelp

I Kristiansund er familien på fire samla heime. No går dagane med til å bli kjent med den nye babyen. For Karoline er det ikkje hyggeleg å tenke tilbake på fødselen. Det skjedde så fort at babyen trengde pustehjelp då han kom ut.

– No går det veldig bra, seier Karoline. Dei er svært nøgd med helsepersonellet på fødeavdelinga og følte seg heile tida trygge.

– Det er koronareglane som er hårreisande, seier Magnus.

Kanutte og Konrad

Kanutte Raudøy Gregrsen er stolt storesøster til vesle Konrad.

Foto: Privat