Per Roland.
Prøver å finne pengar
Fagdirektør i Helse Sunnmøre, Per Roland seier dei vil gjere kva dei kan for å finne pengar til å starte opp behandlinga.
Tilbodet skal etter planen starte no i haust. Årleg skal 50 overvekt-pasientar få behandling ved sjukehuset.
Vil tape pengar
Med dagens system får sjukehusa pengar for kvar pasient dei opererer. Problemet med denne typen operasjon er at betalinga frå staten er så lav at sjukehuset vil tape pengar på kvar einaste paseint dei opererer.
Difor hadde Roland i alle fall håpt at Helse Midt-Norge ville dekke innkjøp av utstyr for omlag 600.000 kroner.
D-dag
I dag må altså sjukehuset gje beskjed til Helse Midt-Norge om dei vil starte opp tilbodet. Viljen og kompetansen er til stades, men pengane manglar. Roland håper på ei løysing.