Det er stor etterspurnad etter eit slikt tilbod, og det er svært få sjukehus som behandlar sjukeleg fedme i dag.
Men det er uklart når sjukehuset kan ta imot dei første pasientane, seier avdelingsleiar Berit Overøye. Ein del ting må avklarast, og tilbodet kommer nok ikkje i gang før til hausten.
Tilbodet kommer i stand i Ålesund fordi St.Olavs Hospital i Trondheim ikkje har kapasitet til å behandle alle fedmepasientane. Difor har dei no inngått eit samarbeid med Ålesund sjukehus.
Det har den siste tida vore stor merksemd rundt behovet for behandling av folk som er sjukeleg overvektige. I dag er det berre St.Olavs hospital i Trondheim og sjukehuset i Førde som behandlar fedme. Ventelistene er store, og berre i Førde ventar 40 personar på operasjon og ytterlegare 120 ventar på å bli vurderte for operasjon. Sjukehuset i Førde opplyser at dei i tillegg har avvist hundrevis av personar fordi dei ikkje har kapasitet til å behandle dei. Kor stor kapasiteten blir ved Ålesund sjukehus er ikkje klart.