I Ålesund har dei fått pengar til å gjennomføre 20 slike operasjonar i år, medan nesten 60 pasientar har fått lovnad om at dei skal blir operert.
Ventelistegaranti
Vandvik seier det ikkje blir aktuelt å auke talet på operasjonar i Ålesund, men behandling i utlandet og andre slanketilbod kan vere alternativ.
Einar Vandvik
Dermed slår Vandvik fast eit viktig prinsipp. Dei overvektige som har vore inne til vurdering og er kandidatar til å få operasjon, skal omfattast av ventelistegarantien. Det betyr at dei har krav på behandling innan eitt år. Dersom ikkje kan dei på staten si rekning reise utanlands for å få utført fedmeoperasjon.
Planlegg andre tilbod
Vandvik vedgår at etterspurnaden etter fedmeoperasjonar er større enn venta. Difor planlegg Helse Midt-Noreg no andre tilbod til overvektige som ikkje inneber operasjon.