Hopp til innhold

Fast til fjells i Geiranger

  • To menn berga i fjellet

    To menn i 20-åra er no berga ned frå fjellet ved Grinddalsnibba og tatt med til Geiranger. Begge er uskadde, men våte og kalde. Forhåpentlegvis har dei fått større respekt for den norske fjellheimen, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt.

  • To turgåarar fast i fjellet

    Røde Kors og eit redningshelikopter er sett inn for å berge turgåarar ned frå fjellet i Geiranger måndag kveld. To personar har gått seg fast i fjellet mellom Grinddalsnibba og Grinddalskupa i Stranda. Helikopter er på veg, og kjem til å laste om bord dei to personane klokka 21.45, opplyser operasjonsleiar Tor André Gram Franck ved Sunnmøre politidistrikt. Turgåarane er våte og kalde og har ingen mat. Politiet har hatt kontakt med turgåarane på telefon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL