Farstad-namnet er vekke

Solstad-Farstad er definitivt historie. Farstad-namnet forsvinn og frå denne veka av heiter reiarlaget Solstad Offshore ASA, skriv Sysla. Det er no dryge eit år sidan fusjonen mellom Deep Sea Supply, Farstad Shipping og Solstad Offshore. Etter fusjonen gjekk tidlegare styreleiar i Farstad, Sverre Andreas Farstad, inn som styremedlem. Men han trekte seg i januar. Farstad ønskte då å fjerne familienamnet.