Farstad Shipping har måtte legge fleire skip i opplag, både i Noreg og i Asia for å redusere kostnader. Dei har også sagt opp mannskap. I dag kom rapporten for 3. kvartal og den viser at selskapet har eit negativt resultat på 435 millionar kroner etter skatt. Hittil i år går dei med 859 millionar kroner i minus, etter eit urealisert valutatap på 517 millionar. Driftsresultatet vart på 168,2 millionar kroner.
Synnøve Gjønnes er analytikar i Pareto Sevturities og fylgjer med Farstad Shipping. Ho seier at situasjonen i offshoremarknaden er vanskeleg.
– 25 prosent av Nordsjøflåten er lagt i opplag, utan at det har hatt nokon nemneverdig effekt på ratane. Båtar frå andre regionar, som Brasil, har ført til ytterlegare press på tilbodssida, seier Gjønnes.
– Kor alvorleg er det for Farstad?
– Farstad som alle andre supplyrederie må i dag fokusere på å kutte kostnadar, refinansiere gjeld og legge båtar utan jobb i opplag. seier analytikaren.
Farstad Shipping har i dag ei flåte på 61 skip og om lag 2100 tilsette.
LES OGSÅ: