Hopp til innhold

Farstad forlenger standstillavtale

Ålesundsreiarlaget Farstad Shipping har forlenga avtalen med kreditorane sine om å utsette nedbetalinga av gjeld fram til 20. desember.

AHTS Far Fosna

Farstad Shipping arbeidar vidare for å finne ei løysing med kreditorane sine. Tidlegare denne veka selde selskapet eit av sine eldste skip, Far Fosna.

Foto: Farstad Shipping AS

Det kjem fram i ei børsmelding torsdag.

Farstad Shipping har lenge vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og innan andre kvartal neste år forfell to milliardar kroner i gjeld. Selskapet har fleire gongar tidlegare fått utsett fristen for å betale avdrag, noko dei også har fått no. Avtalen som i utgangspunktet var forlenga til 10. november, er no utsett til 20. desember.

– Partane i «standstill and deferral»-avtalen er blitt einige om ei vidare forlenging av avtalen. Forlenginga medfører at alle nedbetalingar av Farstad konsernets finansielle gjeld til dei aktuelle kreditorar som har forfalle frå og med 1. juli, er utsett til 20. desember 2016, skriv Farstad.

Ifølgje selskapet er avtalen basert på visse vilkår som må oppfyllast i løpet av perioden.

Selde skip

4. november gjekk Farstad Shipping også inn i ein ikkje-bindande intensjonsavtale med eit selskap i Siem Industries-gruppa for å prøve å betre den økonomiske situasjonen i Farstad.

Tidlegare denne veka kom nyheita om at Farstad har selt eit av dei eldste skipa sine, Far Fosna.

Konsernsjef Karl-Johan Bakken sa då til NRK at salet ikkje ville ha ei vesentleg effekt på rekneskapen i selskapet, fordi salsprisen var omtrent den same som bokført verdi.

Etter salet har Farstad Shipping ein flåte på 55 skip. I tillegg er eitt subsea-fartøy under bygging. Selskapet sine aktivitetar blir drive frå Ålesund, Melbourne, Perth, Singapore, Macaé og Rio de Janeiro. Det samla talet på tilsette er 1.780.

Farstad har no 14 av sine skip i opplag, ifølge opplagsregisteret.

29. november skal selskapet legge fram resultatet for tredje kvartal.