Hopp til innhold

Farmen-Olav ler av trusselbreva

Ikkje alle blei like glad i varaordførar i Sykkylven, Olav Harald Ulstein (Frp), då han deltok i Farmen i fjor haust. No kan han berre le av trusselbreva han fekk frå sinte sjåarar.

Olav Harald Ulstein deltar i Farmen

Varaordførar i Sykkylven, Olav Harald Ulstein (Frp), vart ingen publikumsfavoritt då han deltok i Farmen hausten 2014.

Foto: TV2

«Du burde kikke deg over skuldra hvor enn du går». «Jeg skal komme og ta deg, bare pass deg». «Du er ikke trygg». «Du burde ta ditt eget liv».

Dette er noko av det som har stått i brev Olav Harald Ulstein (52) har motteke etter at han deltok i TV2 sin realityserie Farmen hausten 2014.

– Under og etter Farmen kokte det i kommentarfelt på sosiale media og eg opplevde også at det kom handskrivne brev med truslar i postkassa mi.

Drapstruslar

Olav Harald Ulstein fekk som varaordførar massive reaksjoner etter at han kom med krasse uttalelser om konkurrenten Finn Olav i Farmen, og også

Den usympatsike oppførselen hans i Farmen fekk fleire av sjåarane til å reagere og mange gjekk så langt at dei skreiv brev til Ulstein og sa akkurat det dei meinte om han.

I nokre av breva var det reine drapstruslar.

– Dei første trusselbreva eg opna gav ein uggen følelse, samtidig tenkte eg at vi er ikkje komne dit i dette landet at vi drep kvarandre etter ei realityserie-deltaking, seier Ulstein.

– Farmen er eit spel

Etter kvart slutta den tidlegare Farmen-deltakaren å lese breva og kasta dei uopna. Han forstår godt at folk oppfatta han som usympatisk og det var ein rein strategi frå hans side.

– Under intervjuet før eg vart vald som Farmen-deltakar gav eg beskjed om korleis eg kom til å spele spelet mitt, så både eg og TV2 visste korleis eg kom til å vere etter kvart. Farmen er eit spel.

Petter Lyshol

Ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol, sa i tida etter Farmen at han skulle ønskje varaordførar Ulstein hadde tenkt meir over det han sa i Farmen.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Varaordføraren understrekar at han ikkje er slik som han framstod i Farmen.

– Dei som følgde med på serien såg den verkelege Olav dei første vekene. Då var eg jovial og triveleg og stod på og jobba.

Han forklarer at det ingen i Sykkylven har hetsa han fordi dei veit kva han eigentleg står for. Likevel fekk Olav Harald Ulstein kritikk frå ordføraren i Sykkylven etter reality-deltakinga.

Ler av reaksjonane

Når han no ser tilbake på tida etter Farmen seier han at det verste er at dei som han er glad i kunne lese trusselbreva.

– Folk som sender slike brev må tenke på at det ikkje er berre mottakaren det går utover, seier Ulstein.

Strategien hans førte han uansett til finalen i Farmen, der han tapte for Magnhild Vik frå Rauma.

I dag ler han berre av reaksjonane som kom mot han etter serien.

– Eg har opplevd fleire som har lyst til å ta bilete saman med meg. Dei seier dei var forbanna på meg då dei såg på Farmen, men så har dei innsett at utan meg og Frank, så hadde det vorte eit kjedeleg program.

Les også: