Hopp til innhold

Farmen-Magnhild blir truleg ordførar i Rauma

Høgre kan komme til å miste ordføraren i Rauma. Magnhild Vik (Sp) kan bli den første kvinnelege ordføraren i Rauma.

Magnhild Vik ligg godt an i Rauma.

VIDEO: Magnhild Vik, kjent frå Farmen kan truleg bli den neste ordføraren i Rauma.

Vallogo

Senterpartiet ligg no an til å bli ordførar i Rauma etter at partiet fekk om lag 28 prosent av stemmene. Høgre, som til no har hatt ordføraren i kommunen, har også hatt framgang og fekk 30 % av stemmene, men støttepartia har hatt tilbakegang.

– Ja det kan sjå slik ut. Det er med ein knapp margin, men likevel ei moglegheit, seier Vik etter at resultatet vart klart.

Ho er kjend for dei fleste som deltakar i programmet Farmen på TV2.

Fleirtalassamarbeid

Lars Olav Hustad har vore ordførar i Rauma dei siste fire åra. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har tidlegare uttalt at dei har gått saman for å utfordre Hustad og vippe han av ordførarpinnen.

Før valet hadde partia ingen felles ordførarkandidat. Valet skulle avgjere om dei stiller seg bak Per Vidare Kjølmoen (Ap) eller Magnhild Vik (Sp).

– Vi har hatt ein avtale om at dersom det eine partiet blir mykje større enn det andre så skal dei få ordføraren. No ser det ut til å bli Sp som blir størst og vi er villig til å støtte dei, seier Per Vidare Kjølmoen (Ap).

Med ein framgang på 5,1 % ser Senterpartiet ut til å ha dei beste sjansane for å få ordføraren. Vik forklarar framgangen på denne måten.

– Eg meiner at vi har vore klar på at vi er til både for distrikta og for byen, vi er gjensidig avhengige av kvarandre, og det meiner eg er viktig for ei kommune som Rauma. Vi er vårt eige bu- og arbeidsmarknad og vi er avhengige av at vi alle har eit bra tilbod, seier ho.

Kristelig folkeparti kan bli jokeren når det gjeld ordførarvalet i Rauma. Dei vil diskuterer situasjonen på møte i morgon, og ser ikkje bort frå eit samarbeid med nokon av partia.