Farleg tresjukdom spreier seg på Vestlandet

Ein skummel tresjukdom snik seg stadig lenger nord og skapar trøbbel. Smitta tre visnar og døyr, og kan ikkje lenger brukast til tømmer. No ber forskarane om tips.

Askeskuddsyke

Soppen misfargar asketreet. Det visnar vekk og fører til ein sikker død.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er asketrea som vert ramma av tresjukdommen, ein hissig sopp som har spreidd seg raskt i Nord-Europa. Akkurat no går det føre seg det eit detektivarbeid på Nordmøre for å finne ut nøyaktig kor langt soppen har spreidd seg.

Halvor Solheim

BEKYMRA: Halvor Solheim, forskar ved NIBIO, er bekymra for kva den hissige soppen vil gjere med trea.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også:

– Soppen har kome inn gjennom eit askeskudd, gjennom blad på treet, og så spreier den seg under barken, forklarar Halvor Solheim.

Solheim er forskar ved Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO). Han er bekymra for sjukdommen som no spreier seg lenger nord. Infiserte tre får askeskuddsjuke, og det fører til ein sikker død.

Spreier seg raskt

Frå gammalt av var ask ein viktig tresort og vikingane trudde at det fyrste mennesket vart skapt av ei slik grein. Akkurat det er ikkje forskarane så sikre på, men dei ynskjer likevel å finne ein måte for å berge tresorten.

– Ved å kartlegge sjukdommen håpar vi å finne tre som står i mot soppen og som kan dyrkast til å bli framtidas askslekt, seier Solheim.

Når asketreet vert smitta av soppen, tørkar det inn og vert misfarga. Soppen, som truleg er asiatisk, spreier seg raskt til nye område. Vestlandet og nordover har blitt rekna som ei smittefri sone, men no er sjukdomen også her.

Som i all etterforsking, mottas tips med stor takk.

Vi kan ikkje reise overalt, så det er viktig at folk bidreg i arbeidet vårt og tipsar om sjukdommen.

forsker askeskuddsyke

Halvor Solheim forklarar korleis soppen tek seg inn gjennom blada og spreier seg i barken på asketreet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK