Fire store ras
Ei synfaring i går viste at det har gått fire store ras i området. Seksjonssjef Richard Lunheim i Vegvesenet seier omfanget av rasa er mykje større enn dei først trudde.
For farleg i går
Etter synfaringa i går konkluderte NGI med at rasfaren var altfor stor til at ryddemannskapa kunne ta fatt på arbeidet. Det har gått to ras i Grandestranda i tillegg til eitt i indre Eidsdal og i Sandefonna.
Opna i formiddag
I dag har ryddeannskapa fått sleppe til med full styrke og har i løpet av formiddagen klart å få opna vegen etter at han har vore stengd av ras i to og eit halvt døgn.