Politiet i Ålesund er i ferd med å rulle opp ei større narkotikasak etter at det blei gjort eit stort beslag heime hos ein estisk statsborgar i oktober i fjor.
Det var 30. oktober 2015 at politiet vart kalla ut til ei leilegheit i Ålesund på grunn av bråk. Der gjorde dei eit stort narkotikafunn som dei ikkje hadde venta.
– Det var eigentleg ganske tilfeldig ettersom det som starta som ein rein politiaksjon mot ein person som oppførte seg ganske atypisk, seier Sindre Ryssevik, politioverbetjent i Møre og Romsdal politidistrikt.
- Les også:
Farleg sterkt stoff
Under arrestasjonen av mannen finn politiet ei lita mengde stoff og det blir gjennomført ei ransaking av leilegheita.
Der finn politiet 24.000 brukardosar av stoffet alfa-PVP. Eit stoff som politiet aldri før har registrert i Møre og Romsdal.
Alfa-PVP er eit sterkt syntetisk narkotisk stoff som blir beskrive for å vere som svært farleg. Kripos opplyser at stoffet er 100–200 gonger sterkare enn andre narkotiske stoff.
– Alfa-PVP er eit stoff som inneheld fleire forskjellige stoff, mellom anna amfetamin, kokain og methamphetamine. I og med at det er 65 brukardosar på eitt gram mot amfetamin som er 4–5 brukardosar per gram, så det er eit vanvitig sterkt stoff, seier Ryssevik.
- Les også:
Åtvarar mot stoffet
Ifølgje Wikipedia blir stoffet også omtalt som «Flakka» og kan føre til føre til plutseleg død, delirium, og bizarr og valdeleg oppførsel. Politiet frarår difor bruken av slike stoff på det sterkaste.
– Det er eit sterkt og skummelt stoff, og noko ein bør halde seg langt unna, seier Ryssevik.
Den estiske mannen sitter nå varetekt og det er venta at saka kjem opp i retten i løpet av februar. Sakens omfang er så stort at det er statsadvokaten som skal ta ut tiltale.