NRK Meny
Normal

Farleg berghammar i Geiranger

I Geiranger er steinblokker i ferd med å rase ut ved den populære naturstien Løsta. I bakkane nedanfor berhammaren ligg stein som alt har rasa ut.

Skredfare Geiranger

Det skredfarlege området ligg høgt oppe i fjellet over ferjekaia i Geiranger.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er den lokalkjende Oddvin Westerås som no kjem med eit varsku. Han meiner noko må gjerast før nokon blir skadde av steinsprang.

– Det er ikkje så lett å oppdage skredfaren frå sjølve råsa. Heller ikkje eg hadde tenkt over faren om det ikkje var for at eg såg steinane som låg i råsa, seier Westerås til NRK.

Den rasfarlege berghammaren ligg høgt over ferjekaia i Geiranger. Dette er eit av dei mest populære turområda i bygda. Råsa har vore stengd i nesten tre månader etter at geologar vurderte situasjonen.

– Mange brukar denne stien. Og reiselivsnæringa ønskjer at stien skal kunne brukast. Det er ei fantastisk utsikt over fjorden der oppe. Og i verste fall kan berghammaren rase ned til sentrumsområdet i Geiranger, seier Merete Løvoll Rønneberg i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv til NRK.

Farleg berghammar i Geiranger

Oddvin Westerås ved den farlege berghammaren i Geiranger. Berghammaren ligg høgt oppe i fjellet over ferjekaia i turistbygda.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Området er i dag prega av mykje laus stein. Det var fleire turistar like under berghammaren då sprekkane i fjellet blei oppdaga.

– Då tenkte eg at turistane slett ikkje visste kva dei hadde over seg, seier Oddvin Vesterås.

No er verdsarvstiftinga og kommunen i dialog med Statens vegvesen for å få fjerna den farlege berghammaren.

– Vi skal klare å ordne dette dersom alle partane arbeider saman, seier Merete Løvoll Rønneberg.

I Geiranger bør det gjerast noko med ein ustabil berghammar full av sprekker, meiner geologar. Hammaren ligg ved den populære naturstien Løsta, og steinblokker kan i verste fall treffe bustader ved ferjekaia i sentrum, dersom han rasar ut.