Hopp til innhold

Farleg asfalteringsarbeid

Bilistar respekterer ikkje signal frå veidirigentar når det blir drive asfaltarbeid. Det er erfaringa til Statens vegvesen.

Asfaltarbeid

Mange bilistar og yrkessjåførar tek ikkje omsyn til vegarbeid, seier Statens vegvesen (illustrasjonsbilde).

Foto: Ageir Reksnes / NRK

Senioringeniør Roald Småge i Statens vegvesen seier dei får inn meldingar om uønska hendingar på kvart einaste byggemøte.

– Somme trafikantar overheld ikkje signal frå dirigentane våre og køyrer forbi. Det skapar farlege situasjonar. Både for arbeidarane og trafikantane sjølve, seier han.

Yrkessjåførar verst

Vêrforholda gjer at asfaltarbeidet må utførast i sommarhalvåret. Men det er ikkje utanlandske turistar som er verstingane der det vert utført asfalteringsarbeid.

– Det er nordmennene som er verst. Det er yrkessjåførar og bussjåførar som er rutegåande og til dømes må rekkje ei ferje, seier Småge.

– Er det overraskande?

– Det er det. Ein skulle tru at yrkessjåførar viste meir omsyn i trafikken, seier Småge.

Gjeld også utrykkingsbilar

Også utrykkingsbilar, som ambulanse og brannbilar, køyrer forbi stader med asfaltlegging på ein uforsvarleg måte, seier han.

– Sjølv om du køyrer utrykking, så skal du vise omsyn i trafikken. Utrykkingssjåførane føler at dei har rett til å berre gje gass, og då går det ofte veldig fort, seier han.

Vegvesenet får som regel beskjed om utrykking slik at dei kan gje fri passasje i område med utrykking.

– Vi slepp dei sjølvsagt forbi, men dei held altfor stor fart forbi arbeidsstaden. Det er då faren oppstår, seier han og oppmodar sjåførane til å senke farta dei metrane det gjeld.

Må nå ferja

Dei mest risikofylte strekningane, er dei som ligg mellom to ferjeleie.

– Bilistar har ikkje så god tid, så om dei veit at det er ein halvtime eller time til neste ferje, så skapar det irritasjon dersom dei vert stoppa, seier Småge.

I Møre og Romsdal har det så langt ikkje vore alvorlege ulukker på grunn av bilistar som pressar seg forbi trafikklys eller område med asfaltlegging. Men åtvarar.

– Faren for at ei ulukke oppstår er alltid til stades. Det er viktig at bilistane følgjer signal frå trafikkdirigentane våre, avsluttar senioringeniør.

Skal sjå på rutinane

Regionsdirektør i Nettbuss, Hallstein Lillevik, beklagar at vegarbeidarane har opplevd at bussjåførar ikkje respekterer manuell dirigering og trafikkreglane.

– Det skal vi sjølvsagt gjere. Vi ønsker å stå fram som ein sikker del av trafikkbildet, seier han og legg til at kritikken no vil bli drøfta internt med dei tilsette.

– Det er eit mål å halde rutetidene slik at passasjane er fornøgde, men det kan ikkje gå utover trafikkreglane ikring vegarbeid, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL