NRK Meny
Normal

Fargespel på himmelen

Mange var dei som gjekk til sengs med smil om munnen etter å ha vore vitne til eit vakkert nordlys søndag kveld.

Nordlys over Edøya

Underhaldning på Edøya søndag kveld.

Foto: Helge Marø

Nordlyset var å sjå langt utanfor vårt fylke. Her i Møre og Romsdal har vi fått rapportar og bilde både frå aust og vest, nord og sør. Men fleire fekk glede av nordlyset. Begge nabofylka i sør, og dessutan Færøyane i vest, kunne oppleve det vakre fargespelet i går kveld.

Solvind

Uvanleg sterkt nordlys

Mange meiner at nordlyset var uvanleg sterkt i går kveld.

Foto: Renate Hatlegjerde

Ifølge Nordnorsk vitensenter, Universitetet i Tromsø, får vi nordlys når sola sender ut ein straum av elektrisk ladde partiklar. Dei blir kalla solvind.

Partiklane kjem mot jorda, blir påverka av jorda sitt magnetfelt, som styrer partiklane mot eit ovalforma område kring kvar av dei magnetiske polane. Solvindpartiklane kolliderer med luftmolekyl i den øvre atmosfæren.

Rundt midnatt

Nordlys over Atlanterhavsveien

Nordlys over Atlanterhavsveien.

Foto: Marit Dale

Ein får aldri nordlys i høgder under 80 kilometer og sjeldan over 500 kilometer.

Gjennomsnittet for nordlys med maksimal intensitet er 110–200 kilometer.

Dette fenomenet er vanlegast langt mot nord, men dersom forholda ligg til rette kan nordlys også forekomme langt sør.

Som mange nok kunne registrere i går kveld så skin nordlyset oftast sterkast eit par timar før og eit par timar etter midnatt.

Nordlys over Godøya

Søndag kveld skein nordlyset over Alnes fyr.

Foto: Jan Flisnes