Hopp til innhold

Farevarsel om kraftig vind

  • Venter kraftige vindkast i Sør-Norge

    Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for kraftige vindkast i Agder torsdag. Det meldes om vind opp mot 28 meter i sekundet. Utover kvelden vil vinden minke.

    For områdene Åna-Sira, Obrestad, Fedje, Måløy, Karmøy og Ytre Skagerrak i Sør-Norge anbefales det at en vurderer å la båten ligge, samt at en ikke drar ut i småbåter. Bølgene i områdene varierer fra å være middels til meget høye grunnet vindkast.

    Det ventes også kraftig vind først kommende helg. Lørdag melder meteorologene nordvest full storm på Vestlandet sør for Stad og Sunnmøre.

  • Jobbar med å få straumen tilbake

    134 kundar er no utan straum i Molde og Hustadvika kommune. Even Blakstad i Elinett seier at dei jobbar for fullt for å få straumen tilbake, men at det endå er uklart kor lang tid dette vil ta.

    – Vi vil oppdatere kundane så fort vi veit noko meir. Det er straumbrot mange plassar og det er krevjande, så det vil ta litt tid.

    Han fortel at det er ulike grunnar til straumbrota i dei to kommunane.

    – Det er blant anna lyn, trefall, knekte stolpar, sikringsbrot og materiell som er skadd. Noko av det kan også vere ein følgefeil av ekstremvêret «Gyda», men at det blei utløyst av vinden i går. I tillegg er noko ein direkte konsekvens av vêret i går, seier Blakstad.

    Vêret i går skapte også utfordringar for feilrettinga. Mellom anna kom ikkje montørar seg ut til Sekken i går på grunn av innstilte ferjer.

    – Vi sender ut folk til ulike stadar no. Slik som det var i natt så var det ikkje forsvarleg å sende ut folk, seier Blakstad.